Herman Café og Delikatesse

Kva skjer?

Gode vener og sambygdingar!

Det er snart gått eitt år sidan vi bestemte oss for å starta opp Herman igjen.

Entusiastiske og fulle av pågangsmot tok vi fatt i ei oppgåve som vi ikkje hadde tilstrekkeleg føresetnad for å vite noko om. Hovudmotivet vårt var å få liv i Herman att!

Etter ei tid med mykje glede, lærdom og hardt arbeid, ser vi at vi ikkje lenger er dei rette til å stå i front for å drive Herman vidare.

Vi har lagt eit godt grunnlag for vidare drift.  I staden for å selje utstyr og inventar,  vil vi leige dette ut til nye som vil  ta over.

Herman Cafe og Delikatesse tek pause frå den daglege drifta frå 1. januar 2015. Mest truleg vil det bli oppstart att frå april med ny selskapsstruktur.

Det vil framleis vere pub-kveldar fredagar i januar!

Vi vil rette ei stor takk til alle dei som har nytta seg av tilbodet vi har gjeve denne tida! 

Matgåver!

Ikkje kjøpt julegåver enno? 

På Herman har me mykje godt som er fint å gje vekk!
Matgåver er kjekke gåver å få og gi.... 

Vi har enno mykje god kaffi, sjokolade, ekte søtkirsbær gløgg, den populære dessertsausen og mykje meir. Kom innom og sjå! Vi hjelper deg å pakke det fint i cellofan om du ynskjer det.

Vi har no 20% på alle delikatessevarer fram til og med laurdag!!

Leikangerkalenderen 2014

Sjekk ut aktivitetar i Desember i Leikangerkalenderen

Oppdateringar på hendingar og tilbod vil du finne på facebooksida vår.