Mat
Food
All maten på Herman vert laga frå botnen av med dei beste ingrediensane som er mogeleg å få tak i, og helst frå lokale produsentar. Me handplukkar frukt og grønsaker sjølve frå det lokale fruktlageret og frå lokale gardbrukarar i sesongen. Samarbeidet vårt med Vikja AS i Vik i Sogn er eitt eksempel på korleis me jobbar for å få tak i dei beste økologiske og lokale produkta. Me kjøper fersk fisk frå fjorden direkte frå lokale fiskarar når det er mogeleg. Når fersk fisk ikkje er tilgjengeleg frå Sognefjorden handlar me hjå dei beste fiskehandlarane. Me bakar vårt eige brød (også hamburgarbrød!) og lagar våre eigne kaker og dessertar. Kvalitet er det viktigaste for oss. Kvaliteten på råvarene me vel vert reflektert på menyen vår samstundes som det aukar kreativiteten og fører til ei blanding av nye og klassiske rettar. Det betyr òg at menyen vår vert endra ofte, nokre gonger i løpet av dagen, etterkvart som rettane vert utselde og me får inn nye og friske råvarer. Menyen vår er difor ei tavle som me lett kan endre på. Det gjer òg at det er lettare for oss å vera fleksible og tilpasse oss allergikarar eller lage mindre porsjonar til born eller andre som ynskjer mindre porsjonar. Dersom du lurer på kva som er på menyen vår til ei kvar tid eller ynskjer å bestille bord er det best om du ringjer oss i opningstidene våre. Dersom du har spesielle ynskje, er det berre å spørje oss.
We prepare all of our food here at Herman from the best possible ingredients, and from local producers as much as possible. We hand pick fruits and vegetables ourselves from the local fruit and vegetable warehouse, and from the local farmers seasonally and whenever available. Our direct contact and purchase from Vikja AS i Vik i Sogn is one example of our commitment to the best quality in organic and local meat. We purchase fresh, wild fish direct from the fishermen fishing in the fjord just outside our door whenever possible to again insure the best possible product for you to eat. When fresh, wild fish isn’t available from the Sognefjord, we purchase from the best fishmongers around. We also bake our own bread, and make our own desserts and cakes!
Quality first! Our menu’s reflection of this quality and freshness standard also boasts creativity, mixing classic and new together. This also means our menu, written on a chalkboard-painted wall, changes frequently, throughout the day even, as items sell out or as we get something freshly delivered! This fresh, ever-changing menu also means we can be flexible, adding or removing specific ingredients for those allergic, or preparing smaller portions for children and those not as hungry.
It’s best to call or email for what we’re serving now, and to book a table! Your special requests for menu items are also another option, just ask.
