Just another WordPress weblog

Om Herman

HERMAN BRUN OG NAMNET HERMANSVERK

Herman Brun (1804 – 1865) var opphavleg frå Bergen. Handelsmann og gjestgjevar både i indre- og ytrebygda. Kommunepolitikar og ordførar i to periodar: 1844 – 1847 og 1849 – 1851. Ein mektig og driftig mann med andre ord.

Frå Njøsasanden til Hermansverk på eit blunk

Då Brun kom til bygda i 1833 hadde ikkje indrebygda, som i dag vert kalla Hermansverk, noko felles namn, heller ikkje sentrumsområdet. Sentrum var delt i to av Henjaelva og Njøsaelva, som igjen gav namn til nærområda. På vestsida av Henjaelva, der m.a. Coop ligg, heitte det Henjasanden og på austsida, der mellom anna Cafe Herman ligg, heitte det Njøsasanden. Då den nyinnflytta bergensaren kom hit, tok han over handelsstaden og gjestgiveriet på Njøsasanden. Seinare overtok Brun også handelsverksemd og gjestgiveri i ytrebygda, på Hanehaug.

I 1844 vart Herman Brun valt til ordførar for fyrste gang. Skiftet av namn skjedde i perioden juni – oktober 1844. Det fyrste kommunestyremøtet Brun kalla saman til, vart halde på Njøsasanden, i fylgje protokollen. I innkallinga til neste møte, oktober same året, var namnet brått blitt endra til ”handelsstedet Hermansværk”. Seinare stod det berre Hermansværk i kommunestyreprotokollane. Eit offisielt namneskifte hadde skjedd, utan noko form for kommunalt vedtak. Eit namneskifte som ingen veit sikkert korleis gjekk føre seg.

Slik såg Brungarden eller handelsstaden til Herman Brun ut med mellom anna kai og sjøhus, butikk og bustadhus.

I fylgje bygdeboka vert det fortalt at då Herman Brun bygde seg nytt hus på Njøsasanden, heldt han eit skikkleg julekalas for å feire dette. Kven som stod på gjestelista er uvisst, men truleg var dei mest prominente i bygda, folk med makt og mynde, som vart inviterte til selskap hos denne driftige karen. I løpet av festen vart det diskutert kva det nye huset og handelsstaden skulle heite. Det vart sett fram mange forslag og under skriftleg avrøysting, fekk namnet Hermansværk fleirtal.

I kva grad Herman Brun sjølv var ansvarleg for å setje i gong namnedebatten, er kjeldene tause om. Mannen var driftig, og mange let seg nok imponere over engasjementet, samt det staselege nye huset han no kunne vise fram. God mat, godt drikke og godt selskap kan løfte sjølv den mest sindige til store og nye høgder. Under ein namnedebatt i ein slik festrus var det truleg nærliggjande for mange å meine at hans verk måtte ærast skikkeleg, og kva passa då betre enn Hermansværk ?

At eit ”festvedtak” var meint å skulle føre til at namnet offisielt vart endra, er kanskje tvilsamt, men slik vart det. Dei demokratiske spelereglane og dei kommunale formalitetane var enno ikkje så sterkt utvikla, berre 7 år etter at det kommunale sjølvstyret vart innført i landet, og mykje kan tyde på at Herman Brun oppfatta at han hadde fått eit mandat til å gje handelsstaden nytt namn, slik protokollane fortel.

Kjerstin Risnes, friend and local historian

About Herman

More info soon.